Barnemat for morgendagens voksne 

Skal norske barnelegar bidra til forebygging av livsstilssjukdommar? Det var eit av spørsmåla som vart reist under Norsk Barnelegeforenings vårmøte på Lillehammer.
Av Line Fuglehaug
 

Bilde: Fra venstre: Knut Inge Klepp, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet og professor ved UiO, Geir Kåre Resaland, førsteamanuensis Høgskulen i Sogn og Fjordane,  Ragnhild Mathisen, statssekretær i Helse og omsorgsdepartementet

Divisjonsdirektør i Helsedirekoratet, professor Knut Inge Klepp innleia sesjonen med ei rekke fakta rundt barn og unge sine kostvanar, og korleis dette har utvikla seg dei siste åra.

Forskning slår fast at overvekt i ung alder heng saman med overvekt i vaksen alder, noko som gir klare indikasjonar på at forebyggande arbeid er viktig allerede frå tidlege barneår.

Undersøkingar dei siste åra viser også at barn og unge er mindre i aktivitet no enn tidlegare, i tillegg til at det er dokumentert at dei et like mykje eller meir mat en før. Samstundes har kosten høgare fettinnhald og energinivå, noko som har ein negativ effekt i høve til vektutvikling. Mellom anna vart det vist til at ein i dag bruker tre gonger så mykje pengar på brus og søtsaker enn på andre matvarer.

Eit anna døme som vart trekt fram var auken i salet av kjøttmat, og målingar som viser at barnefamiliar i dag et kjøttdeig minst ein gong i veka i gjennomsnitt.

Grunnlag tidlig i livet
Ein annan viktig faktor som bidreg til eit stadig meir uheldig kosthald blant barn og unge er den kraftige auken i marknadsføring retta mot born. Ifylgje professoren frå Helsedirektoratet er det godt dokumentert at matvarer og produkt som blir marknadsført mest, er produkt som ikkje høyrer inn under eit sunt og godt kosthald. Det er også dokumentasjon på at dette påverkar barn og unges haldningar og kunnskaper om mat, og aukar deira konsum av denne type varer.

Sjølv om det er fleire indikasjonar på ei negativ utvikling når det gjeld barn og unges kosthald, viser undersøkingar at foreldre i stor grad rettar seg etter faglege kosthaldsråd i borna sine fyrste leveår. Undersøkingane viser imidlertid at det skjer endringar i dette allerede frå 2-4-årsalder, då fett- og sukkerinntaket aukar radikalt i høve til anbefalingane.

Deltakerane ved vårmøtet fekk også høyre førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Geir Kåre Resaland fortelje om sin doktorgradstudie han gjennomførte ved Trudvang skule i Sogndal. Der fekk elevar ved skulen 60 minutt fysisk aktivitet kvar dag. Han samanlikna til desse elevane med ei kontrollgruppe ved ein annan skule utan eit slikt tilbod, og fann store skilnader på fleire områder.

Mellom anna vist elevane som var i meir fysisk aktivitet tydelege teikn på betre helse, det var mindre mobbing, og generelt høgare trivsel. Skulen såg også så stor nytteverdi i prosjektet, at dei no har innført ordninga permanent.

Hvem har ansvaret?
Det vart etter innlegga åpna for debatt blant barnelegane som deltok på konferansen, der spørsmålet i hovedsak var kven som har ansvaret for å snu utviklinga, for å hindre den helsemessige trusselen feil kosthald og for lite aktivitet utgjer for framtidas 40-åringar.

Kva rolle skal til dømes barnelegane ha i dette arbeidet? Skal spesialisthelstenesta kun behandle, eller delta aktivt i det forebyggande arbeidet?

Både panelet og seminardeltakerane var i hovudsak samde om at forebygging er svært viktig for å snu utviklinga, og endre vanar som har negativ effekt på barn og unge si utvikling og livsstil. Statssekretær i Helse og omsorgsdepartementet Ragnhild Mathisen, viste til ulike tiltak styresmaktene har iverksatt for å auke kunnskapen om temaet kosthald, helse og livsstil. Frå salen vart det imidlertid peika på tiltak som burde innførast, som tildømes meir aktivitet i skulen, gratis frukt og grønt i skulen, og ikkje minst momsfritak for sunne matvarer, og auka moms på sukker- og fetthaldige varer.

Legane vart på si side oppmoda om å være tydelege i sitt budskap i sitt møte med barn og foreldre, og ha fokus på tverrfagleg hjelp mellom kommunale helstetilbod og spesialisthelsetensta med tanke på tidleg rådgjeving og hjelp til å forebygge overvekt og livsstilsplager som fylgje av dette.


Publisert 01.06.2012 10:20 | Endret 01.06.2012 10:33 

 ‭(Skjult)‬ Publisert av enhet

 ‭(Skjult)‬ Handler om

2011©Sykehuset Innlandet HF | Furnesvegen 26, 2380 Brumunddal | Tlf: 06200 (fra utland: +47 915 06200)| Nettredaktør: Geir Kristian Lund | Ansv. redaktør: HR-direktør Rune Hummelvoll |
E-post: redaksjonen@sykehuset-innlandet.no