I trening for traume-oppgradering
Tilsette i Sjukehuset Innlandet er no i gang med kurs for å tilfredsstille nye krav til traumesjukehus. SI Hamar/Elverum og Gjøvik har allerede gjennomført dei fyrste kursa for sine sjukepleierar og radiologar.
Av Line Fuglehaug (tekst og foto)
Tilsette ved SI Elverum/Hamar på kurs i traumesjukepleie.
Fram til 2010 vart traumepasientar, skadde med ulike og omfattande skader, frakta til sitt næraste sjukehus. I 2010 kom det nasjonale krav til dei regionale helseforetaka som måtte oppfyllast ved sjukehus som kunne få status som såkalla traumesjukehus.
Det er mellom anna ein forutsetnad at legane skal ha minimum fire års erfaring, i tillegg til eigne traumekurs. I tillegg må sjukepleierar og anna personell som deltek i behandlinga av traumepasientar ha gjennomført godkjende kurs.
I vår har SI Hamar/Elverum gjennomført dei fyrste kursa for sine tilsette innan akuttmottak, operasjon, anestesi og røntgen. 4 tilsette på Hamar har tidlegare vore på Ullevål for å bli godkjende som instruktørar i kursmodellen KITS, kurs i traumesjukepleie, slik at dei kan halde eigne kurs for sine kollagaer.
Traumesjukehusa har også fått kvar sin traumekoordinator, som har som oppgåve å sjå til at kursa blir gjennomført og fulgt opp, å registrere traumepasientar, samt sitte som medlem i traumeutvalet, eit overordna organ som mellom anna skal ta stilling til nye prosedyrar.
Traumekoordinator for Hamar/Elverum, Randi Andersen, seier dei nye retningslinjene for oppgradering til traumesjukehus er svært positive i forhold til pasientbehandlinga.
Ho meiner behandlingsopplegget er blitt meir systematisk, noko som gjer at ein sparar viktig tid i behandlingopplegget, og sikrar pasientane den rette behandlinga raskare. Tilbakemeldinga frå dei tilsette er også at traumekursa er svært nyttige, og gir dei auka kunnskap og ikkje minst tryggleik, i høve til behandling av pasientar med traumeskader.
Også SI Gjøvik er i gang med sine traumekurs. Der er det utdanna tre instruktørar, som også vil delta ved tilsvarande kurs også på Tynset og Kongsvinger. På Lillehammer er dei fyrste kursa planlagt til hausten.
Publisert
16.05.2012 09:15 |
Endret
16.05.2012 09:19