Sjukepleiarpris til Kjerstin Holt  

Kjerstin Holt ved Sjukehuset Innlandet Elverum er tildelt Sjukepleiarprisen for Hedmark 2012. Prisen skal fremje ei sjukepleieteneste i Florence Nightingales and, tilpassa det moderne samfunn. Den skal vere ein motivasjonsfaktor i arbeidet med å fremje sjukepleiekvalitet i praksis og stimulere til godt og inspirerande undervisningsmiljø for sjukepleiestudentar.
Av Line Fuglehaug (tekst og foto)
 
Prisvinner Kjerstin Holt (midten) sammen med instituttleder på Høgskolen i Hedmark, avd. for helsefag, Marianne Stensvehagen (høyre) og fylkesleder i Norsk Sykepleierforbund Hedmark, Bente Aaland (venstre).

Sjukepleiarprisen for Hedmark blir delt ut av Høgskulen i Hedmark, Institutt for sjukepleie og psykisk helse, og består av diplom og ein keramikkstatue av Målfrid Persson.

Juryen, som var samrøystes i si avgjerd, grunngjev tiltelinga til Kjerstin Holt slik:

  • Ho praktiserer forbilledleg sjukepleie og rettleiing av sjukepleiarstudentar
  • Ho har iverksatt nybrottsarbeid for å heve sjukepleiekvaliteten og læringsmiljøet på sin arbeidsstad.
  • Ho har gjort ein viktig innsats for å oppretthalde ein sjukepleieteneste og eit læringsmiljø av høg kvalitet.
  • Ho har tatt initiativ til - og satt i system, nye tilbod av sjukepleie- og helsetenester til pasientar og pårørande
  • Ho har vist nytenking og mot til å styrke kvalitet på sjukepleien
  • Ho utmerkar seg som inspirator for kollegaer, nyutdanna sjukepleierar og studentar.

Kjerstin Holt har vore sjukepleiar ved ortopedisk sengepost på Elverum sidan ho vart ferdig utdanna i 1975, og blir omtalt som ein god rollemodell for andre.


Publisert 15.05.2012 13:25 | Endret 15.05.2012 13:38 

 ‭(Skjult)‬ Publisert av enhet

 ‭(Skjult)‬ Handler om

2011©Sykehuset Innlandet HF | Furnesvegen 26, 2380 Brumunddal | Tlf: 06200 (fra utland: +47 915 06200)| Nettredaktør: Geir Kristian Lund | Ansv. redaktør: HR-direktør Rune Hummelvoll |
E-post: redaksjonen@sykehuset-innlandet.no