Unikt samarbeid om kreftbehandling 

Som fyrste i sitt slag i landet er det oppretta eit eige samarbeidsutval mellom Sjukehuset Innlandet divisjon Elverum-Hamar og Kreftforeningen.
Målet er å jobbe for eit fullgodt tilbud til kreftpasientar og deira pårørande i regionen.
Av Line Fuglehaug (tekst og foto)
 

[alternativ tekst] 
Unikt samarbeid: Disse møtte i det tredje møtet i samarbeidsutvalget, fra venstre: Håvard Kydland, ass. divisjonsdirektør SI, Marit Hole, kreftsykepleier Elverum, distriktssjef Kreftforeningen Espen Thorsrud, rådgiver kreftforeningen Mona Ophus Østvang, Gunhild Evenrud, kreftsykepleier Hamar,  Gerd E. Kristiansen, beøkstjenesten Brystkreftforeningen, Inger Lise Glomsvoll, Gynkreftforeningen Hedmark og Oppland, Lene Engebretsen Bakken, stedfortreder avd. sykepleier Hamar.
Utvalet består av representantar frå sjukehusleiinga, kreftsjukepleierar, pasientar og kreftforeningen. Gjennom to årlege møter skal representantane ha dialog om behandlingstilbod, innspel til endringar og utvikling av tilboda, samt drøfte problemstillingar som er aktuelle for pasientane.

Tredje møte
Samarbeidsutvalet møttes i vår til sitt tredje møte etter oppstarten for godt over eit år sidan. Utvalet består av ein representant frå divisjonsleiinga i Sjukehuset Innlandet, ein representant frå kreftfagleg avdeling både på Hamar og Elverum, ein avdelingssjukepleiar, ein representant frå Kreftforeningen, og ein representant frå kvar pasientforening tilknytta Hamar/Elverum (Foreningen for brystkreftopererte, Profo, Norilco, Gynkreft, Lymfekreftforeningen og Lungekreftforeningen).

Likemannsteneste
Eit av utvalet sine satsingsområde er styrking av likemannstenesta i regionen. Ein likemann er ein tidlegare kreftpasient, eller i enkelte tilfeller pårørande til ein person med kreftdiagnose. Ein må gjennomføre pålagte kurs for å  bli godkjent som likemann. Brystkreftforeningen har nytta ordninga med likemenn sidan 70-talet, med svært gode erfaringar.

Leiar i samarbeidsutvalet, assisterande divisjonsdirektør SI Elverum – Hamar, Håvard Kydland, seier undersøkingar viser at nest etter lege, er det likemenn kreftpasientar ynskjer å prate med. Han trur dette er fordi pasiantane ser det som nyttig å være i direkte dialog med personar som har vore igjennom det same som dei, for å få eit realistisk bilde av kva dei har i vente i høve til sjukdomsutvikling, behandling, behandlingsmetodar og liknande.

Samarbeidsutvalet jobbar for å rekruttere fleire likemenn for å sikre eit slikt tilbod på alle sjukehusa i distriktet, men like viktig er det å få fleire pasientar til å nytte seg av ordninga. Utvalet ser difor på ulike måtar å informere om tilbodet på, og drøftar tiltak som skal sikre at pasientane får informasjon om ordningane så tidleg som råd etter å ha fått påvist kreftdiagnosar.

Ei av utfordringane er ifylgje Kydland også å få fleire menn til å gå inn i likemannsordninga. Han seier det er stor forskjell på menn og kvinner når det gjeld å dele sjukdomserfaringar, og det å hjelpe seg sjølv og andre.

Viktig dialog
Utvalets medlemmer er samde om at tiltaket med eit eige samarbeidsutval er svært viktig både for pasientane og for sjukehuset. I eit slikt uformelt dialogforum kan dei drøfte både store og små problemstillingar, og kanskje bidra til å få gjennomført endringar som er positive for begge partar.

I enkelte tilfeller kan det dreie seg om grunnleggande og omfattande forhold i høve til behandlingstilbodet, som er vanskeleg å endre på grunn av statlege føringar, retningslinjer og ikkje minst ressursar. I andre tilfeller kan det være små og enkle tilpassningar som kan gjennomføras heilt utan ekstra tid og ressursar. Eit døme på dette er ei konkret tilbakemelding frå ein av pasientorganisasjonane som hadde ynskje om å flytte behandlingsstolane ved ei avdeling lenger vekk frå vaktrommet, for å unngå å høyre personalet sine samtalar.

Dialogmøtene er også viktige ved at pasientorganisasjonane får fortløpande oppdatering og informasjon frå sjukehusleiinga om ventetider, endringar i behandlingstilbod, satsingsområder og liknande.


Publisert 20.07.2012 11:55 | Endret 24.07.2012 08:56 

 ‭(Skjult)‬ Publisert av enhet

 ‭(Skjult)‬ Handler om

2011©Sykehuset Innlandet HF | Furnesvegen 26, 2380 Brumunddal | Tlf: 06200 (fra utland: +47 915 06200)| Nettredaktør: Geir Kristian Lund | Ansv. redaktør: HR-direktør Rune Hummelvoll |
E-post: redaksjonen@sykehuset-innlandet.no