Digital sårbehandling er eit tilbod til polikliniske sårpasientar som ikkje er på sjukehus. Sårbehandlinga blir utført av sjukepleiar i kommunen eller fastlege. Helsepersonell er utstyrt med kamera, som har direkte videooverføring til rettleiar/sjukepleiar.
Langvarig behandling
Sårpasientar har ofte behov for langvarig behandling med hjelp frå sjukehus og kommune. Mange av pasientane har nedsett funksjonsevne, og fleire har i periodar opphald på helsehus eller sjukeheimar, eller heimetenesta i kommunen sin. For desse pasientane kan det vere ein fordel å sleppe reisa til sjukehus, og heller få utført sårkontroll med videokonsultasjon der dei er.
Vekslinga mellom videokonsultasjonar og fysisk oppmøte på poliklinikk vil avhenge av utviklinga av såret og behov for fleire undersøkingar.
Videokonsultasjonar blir oppretta som ein avtale på same måte som ein oppmøteavtale på poliklinikk.
